I denne kompetanseutviklingspakka vert det presentert kunnskap om korleis utforskande arbeidsmåtar kan bidra til djupare forståing, og til at elevane styrkar si evne til nærlesing, refleksjon og kritiske tenking.
Utforsking av skjønnlitterære tekstar i norskfaget
Å utforske skjønnlitterære tekstar i lag med andre kan gje sterke leseopplevingar, også til dei elevane som ikkje sjølv veljar å lese.
Image
Sentrale spørsmål
- Korleis jobbe med lesestimulering i skulen?
- Kva er fagspesifikke lesing i norskfaget?
- Kva skjer når me les skjønnlitteratur?
- Korleis gje støtte til litterære samtalar?
- Korleis utfordre elevane til å gå djupare inn i tekst?
Pakken er laga av: Marit Aasen, Anne Håland og Monica Gundersen Mitchell, ved Lesesenteret.