Bilde av elever

Lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga

Korleis kan arbeid med lesing, skriving og munnlegheit støtte elevane si faglege utvikling i samfunnsfaga? Og korleis kan ein som lærar hjelpe elevane til djup samfunnsfagleg kunnskap og forståing, som dei kan ta med seg vidare i studiar, jobb og samfunnsliv?

Gjennom å arbeide med lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga skal elevane få moglegheit til å vere nysgjerrige, undre seg og utforske både samfunnet rundt seg, og nasjonale og globale problemstillingar. Det er sentralt i faget at elevane kan ta del i demokratiske prosessar, engasjerer seg som aktive medborgarar og å tenke kritsk, dei må reflektere over eigen identitet og rolla si i samfunnet. Kva kompetansar fordrar dette av elevane?

 

Image
Kritisk literacy-modell

Sentrale spørsmål:

  • Kva kjenneteiknar lesing, skriving og munnlegheit i samfunnsfaga?

  • Korleis kan ein arbeide med tekstar i samfunnsfaga for å utvikle elevane sin kritisk literacy-kompetanse?

  • Korleis kan ein støtte elevane i lesing og skriving av tekstar i faga?

  • Korleis kan faglege spørsmål skape engasjement og kritisk tenking?

 

Pakken er utvikla av: Trude Alfsvåg, Stine Aarønes Angvik, Unni Fuglestad,Peter Mørk, Bente Stausland Skartveit og Hanne Egenæs Staurseth.