Aktivering av forkunnskapar: Å stille spørsmål som fremmar engasjement, refleksjon og argumentasjon i samfunnsfaga
I læreplanen LK20 kjem det tydeleg til uttrykk kor sentralt det er i samfunnsfaga at elevane får undra seg og stille spørsmål. I kjerneelementet “Undring og utforsking” står det til dømes at “elevane skal kunne undre seg over, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om samfunn før og no blir til. Elevane skal få vere nysgjerrige og aktivt kunnskapssøkjande og -skapande åleine og saman med andre både i og utanfor klasserommet” (udir.no). Når elevane for stille spørsmål, undersøke og oppleve at kunnskapen sin er relavant, kan det bidra til å skape enagasjement for læringa.
Forslag til arbeidsmåte: think - pair - share.
1. Tenk over (ca. 2 min):
- Korleis pleier du å starte eit emne eller ei undervisningsøkt i samfunnsfaga?
- Har du eksempel på spørsmål eller problemstillingar du har brukt som utgangspunkt for å setje elevane i gang med å utforske noko i samfunnsfaga?
- Kva type spørsmål og påstandar får deg engasjert i samfunnsfagsrelevante diskusjonar?
2. Del i par (ca. 3 min): Registrerer like og ulike erfaringar.
3. Oppsummer i plenum (ca. 2 min).