Diskusjon: Å arbeide med tekst og lesing
De skal diskutere kva som kjenneteikner samansette tekstar og kva som kan vere utfordrande for elevane når dei skal lese desse. Vel ein av dei to arbeidsmåtane under.
Alternativ 1: Diskuter spørsmåla under i små grupper og del i plenum.
- Kva for lesekompetanse krev samasatte tekstar av elevane?
- På kva for måtar må elevane lese samansette tekstar for å denne seg ei heilhetleg meining?
- Korleis støttar de elevane i lesinga når dei møter samansette tekstar?
Alternativ 2: Studer ein tekst i fellesskap (ein tekst de nyleg har arbeidd med i undervisninga eller ei av dei vedlagte kjeldene), diskuter spørsmåla under og del så i plenum:
- Kva ulike meiningsberande ressursar består teksten av?
- Kva forkunnskapar treng eleven før han skal lese teksten?
- På kva for måtar må eleven lese teksten for å denne seg ei heilhetleg meining?
- Kva ser de som kan vere utfordrande for eleven i møte med denne teksten?
Geografisk kjelde: https://www.fn.no/tema/klima-og-miljoe/klimaendringer
Samfunnsfagleg kjelde: https://www.nupi.no/Skole/HHD-Artikler/2020/Trump-mot-TikTok
Historiekjelde: https://www.nrk.no/dokumentar/xl/tidslinje---grunnlovsjubileet-1.11691678