Prøv ut i praksis: Å støtte elevane si skriving i samfunnsfaga

De skal no aribeide i par eller grupper med å planlegge eit undervisningsopplegg der elevane får støtte og trening i nokre av delferdigheitene som trengst når dei skal skrive samfunnsfaglege tekstar. Vidare er oppdraget å gjennomføre dette undervisningsopplegget i eigen klasse og ta med erfaringar og døme på elevtekstar til erfaringsdelingsøkta.

 

Planlegg i par eller små grupper (30 minutt):

Bildet er fjernet.

    Avtal samarbeidstid med ein eller fleire kollegaer der de planlegg ein skriveprosess:

    • Les teksten «Delferdigheiter i samfunnsfagleg skriving» og diskuter kva for delferdigheiter elevane dine har størst utfordringar med.
    • Bruk oversikta og samarbeid om å lage ei skriveoppgåve som gjer at elevane kan øve på nokre av desse delferdigheitene. De kan i tillegg ta utgangspunkt i dei påstandane og spørsmåla de har utarbeidd i tidlegare økter.
    • Temaet for skriveoppgåva bør vere noko elevane allereie har arbeidd med i faget. (Eit alternativ kan vere å la oppgåva ta utgangspunkt i ein eller fleire dagsaktuelle tekstar frå aviser. Under har vi lagt ved to eksempel på slike dagsaktuelle tekstar som kan danne utgangspunkt for ei samfunnsfagleg skriveoppgåve.)
    • Diskuter kva elevane vil trenge av støtte i skriveprosessen. Det er ikkje eit mål at de skal støtte alle delferdigheitene i denne skriveprosessen, og det kan godt hende at ulike elevar treng ulik støtte. Diskuter difor kva for delferdigheiter de særleg ønskjer å tematisere i denne prosessen. Lag for eksempel ei tilpassa skriveramme til skriveoppgåva. 
    • Avtal når utprøvinga skal vere gjennomført og når de skal møtast til erfaringsdeling. 
    Image
    Utfordringar elevane kan ha med delferdigheiter

    Prøv ut i praksis: 

    • Gjennomfør arbeidet i klasserommet, slik at elevane skriv eit førsteutkast dei leverer inn, der dei kan få undervegsvurdering frå ein medelev eller læraren.
    • Ta med lista over delferdigheiter, erfaringar du har gjort deg og nokre av elevane sine førsteutkast til økta der de skal utveksle erfaringar. Vel ut ein eller to elevtekstar som de anten tenkjer er representative for elevgruppa, eller som synleggjer utfordringar elevane hadde når dei skreiv dei samfunnsfaglege tekstane.

     

     

    Erfaringsdeling (totalt 30 - 45 minutt):

    Avtal når de skal møtast for å dele og drøfte erfaringar frå praksisutprøvinga. Del erfaringar og refleksjonar i grupper med utgangspunkt i spørsmåla under: 

    1. Skriveprosessen (10 - 15 minutt)

    • Kva for delferdigheiter retta de fokus mot i undervisninga?
    • Kva for støtte la de opp til i skrivinga?
    • Ser de spor i dei medbrakte førsteutkasta av den støtta elevane fekk?

     

    2. Undervegsvurdering (10 - 15 minutt)

    • Kva for respons bør elevane få på førsteutkasta ?
    • Kva for vekstpunkt eller delferdigheiter er det mest hensiktsmessig å rette elevane sitt fokus mot?

     

    3. Fellesrespons (10 - 15 minutt)

    Fellesrespons er ei effektiv form for undervegsvurdering. Med samtykke frå elevane kan konkrete elevtekstar som syner felles vekstpunkt brukast når de skal revidere tekstar i fellesskap.

    • Kva for utfordringar gjekk igjen i førsteutkasta?
    • Korleis kan ein legge opp til effektiv fellesrespons ut frå eitt eller to vekstpunkt?

     

    Avsluttande kommentar til økta

    Skriveopplæring er ein langsiktig prosess der vi ikkje alltid kan forvente umiddelbare resultat. Derfor vil vi oppfordre til å arbeide vidare med ulike delferdigheiter og ulike former for undervegsvurdering og respons i samfunnsfaglege skriveprosessar. 

     

     

     

    Tekst som utgangspunkt for rik skriveoppgåve: "Ingen fred uten rettferdighet" (kommentar i VG 10.12.2018)

    Tekst som utgangspunkt for rik skriveoppgåve: "Ingen fred uten rettferdighet i Afghanistan" (nyhetssak i Bistandsaktuelt 19.04.2015)