Målet med “God leseopplæring” er å leggje til rette for refleksjon over kva lesing er og korleis ein kan arbeide med lesing i klasserommet, i tråd med overordna del i LK20 som understreker betydninga lesing har gjennom heile opplæringsløpet. Lærarar i alle fag skal støtte elevane i dette arbeidet, frå den første leseopplæringa til det å kunne lesa avanserte faglege tekstar (LK20).
Vi vil sjå nærmare på kva som kjenneteiknar den gode lesaren og den dyktige leselæraren. God leseopplæring handlar om å utvikle lesarar som er engasjerte, strategiske, som har gode språklege ferdigheiter og god tekstkompetanse. Øktene i denne pakka vil gå inn på ulike sider ved lesing og korleis lærarar kan vidareutvikle eigen praksis.
