Fagfilm: Arbeid med ord og omgrep - innleiing og før lesing.

I denne økta får de sjå to filmar om å arbeide med ord og omgrep. Trude Alfsvåg, universitetslektor ved Lesesenteret, ser nærare på kvifor ein bør arbeide med ord og omgrep i undervisninga, og gir døme på kva ein kan gjere for å gi elevane strategiar og hjelpe dei til å utvikle fagspråket sitt, både før, under og etter lesing.

Etter filmen skal de mellom anna diskutere kva type ord som kan vere krevjande for elevane i dine fag, og korleis de kan arbeide med å utvikle elevane sitt ordforråd.