Partnerskap i praksis logo

Gjenstridige problem i naturfaget

Denne ressursen handlar om elevmedverknad, og då forstått som aktiv deltaking i arbeidet med ekte og engasjerande problem i naturfaget. Ressursen er ein del av prosjektet Partnerskap i praksis, eit samarbeid mellom Jærskulen og UiS med mål om å utvikle praksis i skulen. Fagfornyinga inviterer til langsiktig arbeid med å utvikle praksis i faga med elevane si aktive læring i sentrum. Dette er gamle idear, men både erfaring og forsking viser at det ikkje er så enkelt å omsette ideane til praksis. Vi inviterer lærarar i naturfag til å prøve ut og utforske enkle grep som kan lodde djupt i korleis vi tenker om praksis og eleven si rolle i klasserommet.

Gjennom arbeid med øktene vil vi engasjere deltakarane i arbeidet med det vi kallar ‘gjenstridige problem’ i naturfaget, før vi legg til rette for at elevane får slik erfaring gjennom utforskande gruppesamtalar. Vidare legg vi opp til at det blir gjort lydopptak av gruppesamtalar, og at ein saman lyttar til og diskuterer desse. Desse stega leiar fram til å rette merksemda mot læraren si rolle i heilklassesamtalen, og heilklassesamtalen som ein stad der den faglege forståinga kan utviklast.
Image
Partnerskap i praksis logo
  • Kva kjenneteiknar eit gjenstridig problem i naturfaget?
  • Korleis kan vi legge til rette for at elevane får erfaringar med gjenstridige problem?  
  • Kva for utfordringar og moglegheiter ligg i det å etablere dialogiske rom for elevmedverknad i undervisninga?
  • Kva kjenneteiknar ei god utforskande samtale? 

 

Pakken er utvikla av Arne Olav Nygard og Frode Skarstein.

Redaktør: Ingeborg M. Berge 

Introduksjon: Førstehandserfaring med eit faglig problem

Målet for denne økta er å gje lærarane moglegheiter til å diskutere kva faglege problem i naturfag kan vere og få førstehandserfaringar med slike problem.

60 min