Teksten som norskfagleg problem
8 økter
Denne ressursen handlar om elevmedverknad, og då forstått som aktiv deltaking i arbeidet med ekte og engasjerande problem i norskfaget. Ressursen er ein del av prosjektet Partnerskap i praksis, eit samarbeid mellom Jærskulen og UiS med mål om å utvikle praksis i skulen. Fagfornyinga inviterer til langsiktig arbeid med å utvikle praksis i faga med elevane si aktive læring i sentrum. Dette er gamle idear, men både erfaring og forsking viser at det ikkje er så enkelt å omsette ideane til praksis. Vi inviterer lærarar i norskfaget til å prøve ut og utforske enkle grep som kan lodde djupt i korleis vi tenker om praksis og eleven si rolle i klasserommet.
Gjennom arbeid med øktene vil vi engasjere deltakarane i arbeidet med teksten som problem, før vi legg til rette for at elevane får slik erfaring gjennom utforskande gruppesamtalar. Vidare legg vi opp til at det vert gjort lydopptak av gruppesamtalar, og at ein saman lyttar til og diskuterer desse. Desse stega leiar fram til å rette merksemda mot læraren si rolle i heilklassesamtalen, og heilklassesamtalen som ein stad der den faglege forståinga kan utviklast.
Åpne pakken