Førstehandserfaring med eit faglig problem: Oppgåve til neste gong
Oppgåve til neste gong:
Vedlagt er to instagram-innlegg som har ulike syn på el-sparkesyklar, og dette representerer altså eit ‘gjenstridig problem’ i naturfaget der emnet grensar opp mot andre fag, og der ein kan vente at elevane har ulike perspektiv på saka.
-
Del ut desse tekstane i klassen, del klassen inn i høvelege grupper for diskusjon og lat gruppene diskutere tekstane i grupper, der dei skal argumentere for og imot emnet som tekstane tar opp (ca. 5 – 10 minutt).
-
Kort samtale i fellesskap i klassen: La gruppene oppsummere kva dei diskuterte i gruppene. Kva argument vert nytta for og imot saka? Sjå gjerne om klassen nyttar faglege argument, meiningar og haldningar som er henta frå media eller andre kjelder.
Ta med nokre korte notat frå erfaringane de har gjort dykk i arbeidet med desse tekstane til arbeidet med neste økt (økt 2).
Vedlegg: