Samtalar i naturfag: Fagtekst og drøfting

I fagteksten «Kunnskapsbyggande dialogar» kan du lese eit utdrag frå ein reell klasseromssamtale i naturfag. Samtalen utspeler seg etter at elevane har arbeidd med ein tekst frå «Nysgjerrigper» om lagring av CO2. Les først teksten frå «Nysgjerrigper» før du les «Kunnskapsbyggande dialogar». Drøft deretter: 

- På kva måte prøver læraren å nytte dialogen med elevane for å byggje kunnskapar i dette emnet som dei diskuterer?  
- Er det nokre grep læraren gjer i samtalen som de synest er meir interessante enn andre?