Gjenstridige problem i naturfag: Bruk av pakken

Her er informasjon om 'Gjenstridige problem i naturfag’ til deg/dykk som skal leie arbeidet. Du/de vil finne forslag til ulike måtar å gjennomføre arbeidet med det faglege innhaldet i pakken.   

Fagpersonar som har utvikla innhaldet: 

Pakken er utvikla av førsteamanuensis Arne Olav Nygard ved Lesesenteret, førsteamanuensis Frode Skarstein ved lærarutdanninga og universitetslektor Ingeborg M. Berge ved Lesesenteret. Alle er tilsette ved Universitetet i Stavanger. 

 

Forarbeid: 

Det er viktig at du/de som skal leie arbeidet på skolen bruker tid på å bli kjent med innhaldet og organiseringa på førehand. Det vil då vere lettare å styre tida og organisere gruppearbeidet, diskusjonane og erfaringsdelinga. Sjå meir informasjon om dei enkelte øktene i oversikta nedanfor. 

Målgruppe:  

«Gjenstridige problem i naturfaget» er retta mot naturfagslærarar på ungdomsskolen, men bygger på erfaringane med utprøvingar på barnetrinnet.  

Organisering: 

Ressursen inneheld 8 økter. Dei fire første er publisert i 2023, mens dei fire neste kjem i 2024. I øktene vil ein veksle mellom formidling av fagleg innhald i artikkelform, ulike spørsmål til refleksjon og diskusjon. Det er viktig å setje av nok tid til samtale, og å tenke gjennom inndeling i grupper på førehand. I dei fleste øktene skal deltakarane lese og drøfte fagtekstar.  

 

Informasjon om gjennomføring av dei ulike øktene:  

Økt 1 – Førstehandserfaring med eit gjenstridig problem 

Den første økta tek utgangspunkt i fagfornyinga sitt fokus på utforsking og problemløysing og gjev lærarane moglegheita til sjølv å få erfaringar med ‘gjenstridige problem’ i naturfag. Det vil skje gjennom lesing og samtale om tekstar og emne som kan knytast til naturfaget. Deltakarane skal arbeide i grupper i nokre av desse øktelementa.  

Desse tekstane ligg som lenke i økta og bør kopierast før samlinga:  

  • ‘Førstehandserfaringar med problem i naturfag.’ 

  • Innlegg i instagram-form mot elsparkesykkel 

  • Innlegg i instagram-form for elsparkesykkel 

Det er viktig at deltakarane gjer forpliktande avtaler om vidare møtepunkt før neste samling for å kunne gjennomføre oppgåva til neste gong.  

Økt 2 – Gruppesamtalen som dialogisk rom: introduksjon av «grublerommet» 

Denne økta bygger vidare på lærarane sine erfaringar med oppgåva frå sist der dei diskuterte gjenstridige problem i naturfaget. Økta legg og grunnlaget for å prøve ut gruppesamtalar i form av «grublerom», eller utforskande tekstsamtalar, med elevane i eiga undervising. Som fagleg input les lærarane teksten «Dialogiske rom for elevmedverknad».  

Denne teksten bør kopierast før samlinga:  

  • «Dialogiske rom for elevmedverknad». 

  • “Kontroversar i naturfag”