Å lytte til og rettleie elevane i naturfag: Fagtekst
I fagteksten «Frå det kvardagslege til det faglege» prøver vi å synleggjere korleis kontroverstenkinga kan vere ein døropnar til argumentasjon i naturfaget. Vidare peikar vi på læraren si rolle i å vere ein rettleiar i samtalane i naturfag, for å bevege samtalen frå det kvardagslege (utpakka) til det faglege (innpakka) og dei naturfaglege tenkjemåtane.
Les fagteksten, gjerne med bruk av denne lesemåte i grupper på 3 (a, b, c): a les første avsnitt høgt, b kommenterer eller oppsummerer hovudinnhaldet mens c lyttar. Deretter les b neste avsnitt høgt, mens c kommenterer eller oppsummerer hovudinnhaldet og a lyttar. Vidare les c neste avsnitt høgt, a kommenterer eller oppsummerer og b lyttar.
Document
4.2 Fra det kvardagsle til det faglege.pdf
(86.64 KB)