Gutt skriver

Å støtta elevane si skriving

Å støtta elevane si skriving handlar om korleis læraren kan fremja elevane si skriving. I denne pakka presenterer vi eit utval av arbeidsmåtar som har til hensikt å støtta opp om elevane si skriveutvikling i ulike fag.

Sentrale spørsmål

  • Korleis byggja stillas på mikro- og makronivå?
  • Korleis modellera tekstskriving?
  • Korleis kan tekstsamtalar fremja elevane si skriveutvikling?
  • På kva måte kan bruk av modelltekstar og skriverammer fremja elevane sin skrivekompetanse?

Pakka er utarbeida av Anne Håland, Lesesenteret.

Å byggja stillas rundt elevane si skriving

Målet med økta er å gi lærarane ei forståing for at skriveopplæring inneber ulike typar av støtte og denne må planleggjast av læraren.

70 min

Samtalar om språk som stillas

Målet med økta er å skapa ei forståing av korleis samtalar om språk i tekstar kan vera verdifull skriveopplæring i ulike fag.

60 min

Modelltekstar som stillas

Målet med økta er å gå djupare inn i kva det betyr å bruka modelltekstar i undervisninga.

60 min

Skriverammer som stillas

I denne økta får du kjennskap til skriverammer og diskutera fordelar og ulemper med desse. I tillegg inneheld økta konkrete eksempel på to ulike typar skriverammer: boksar og startsetningar.

60 min