Prøv ut i praksis: Modelltekstar som stillas

Planlegg og prøv ut i eigen praksis:

  1. Identifiser ein type skriving i ditt fag der det kunne vera nødvendig å gi elevane skrivestøtte i form av ein modelltekst.
  2. Planlegg saman korleis de kan: byggja emnet, dekonstruera modelltekst og modellera skriving med utgangspunkt i modellteksten.

Erfaringsdeling:

Avtal når de skal møtast for å dela erfaringar, få innsikter i andre sine erfaringar med modelltekstar og å bli utfordra på eigen praksis og å utfordra andre sin praksis. 

  • Ta med det opplegget du har gjennomført til erfaringsdelingsøkta.
  • Del erfaringane dine med bruk av modelltekstar med dei andre i gruppa.
  • Diskuter fordeler og ulemper ved bruk av modelltekstar i dine fag i gruppa? Finst det noko som kollegiet kan gjera for å minka utfordringane?