Prøv ut i praksis: Samtalar om språk som stillas

Dersom det er slik at samtalane om elevane sine tekstar kan utvikla skrivinga deira så må ein organisera undervisninga på ein måte som inkluderer tekstsamtalar.

Planlegg og prøv ut i praksis:

Både stasjonsundervisning og Forlag som metode er organisert slik at ein har moglegheiter for å ha små samtalar med elevane undervegs i skrivinga.

Her finn de meir informasjon om:

Diskuter korleis du vil organisera undervisninga slik at du får tid til samtalar om elevane sine tekstar.

Prøv det ut i klassen. Om det er mogleg, ta gjerne opp lyd av ein eller fleire samtalar, eller lagra eit eksempel på ein digital samtale.

Erfaringsdeling:

Avtal når de skal møtast for å dela og drøfte erfaringar frå utprøvinga i eiga klasse. Sett av minst 30 minutt. Målet er at delinga skal gje deltakarane nye innsikter og nye eksempel.

Ta med eksempel på ein eller fleire samtalar du har hatt med ein eller fleire av elevane dine. Del materialet med dei andre i gruppa og diskuter samtalane, gjerne med utgangspunkt i desse spørsmåla:

  • Kva blir det samtala om?
  • Kan nokre av samtaletemaa relaterast til innhald, struktur, skriveprosess og fagspesifikke skrivemåtar?
  • På kva måte tenkjer de at samtalane er læringsfremjande?
  • Er det noko de ser lite av i samtalematerialet?
  • Korleis vil de utvikla samtalane vidare?