Å gje gode skrivebestillingar: Introduksjon
Kva det vil seie å vere skrivelærar i helse- og oppvekstfag? Korleis kan lærarane gje elevane skriveoppgåver som gir elevane moglegheit til å mestre oppgåva dei får, og å få vist fram fagkunnskap gjennom skriving? I denne økta stiller vi spørsmålet: Kva kjenneteiknar gode skrivebestillingar i helse- og oppvekstfag?
Økta vil innehalde konkrete døme på kva lærarane bør tenkje på i utarbeiding av skriveoppgåver, og når dei presenterer oppgåver for elevane. I tillegg vil økta legge opp til at lærarane får høve til å diskutere, dele erfaringar og lære av kvarandre.