Refleksjon kring omgrepet tidleg innsats (individuelt og i gruppe)

Individuelt arbeid:

Assosiasjonar til omgrepet tidleg innsats med utgangspunkt i filmen. Tenk over følgjande spørsmål og fyll inn i vedlagt tankekart. (5 min.)

  • Korleis forstår du omgrepet tidleg innsats?
  • Kva for assosiasjonar får du til omgrepet?
  • Kva for eksempel på tidleg innsats finn du i filmen?
  • Har du eksempel på arbeid i tråd med tidleg innsats frå eigen praksis?

Gruppe: Drøfting med utgangspunkt i utfylt tankekart. (15 min.)

Vel ordstyrar. Denne tek ansvar for at alle får delt sine refleksjonar i løpet av avsett tid.