Introduksjon: Tidlig innsats

Målsetjing med økta:

  • Utvikle forståing for kva tidleg innsats inneber for barn med språkvanskar.
  • Lære korleis ein i begynnaropplæringa kan jobbe førebyggande gjennom tidleg innsats.

Tidleg innsats er eit grunnleggande prinsipp i opplæringa. Det inneber å setje i verk tiltak tidleg i eit barn sitt liv eller så snart eit behov er avdekt. Tidleg innsats er å legge til rette for god språkutvikling og å førebygge utvikling av språkvanskar. Det handlar om å fange opp og følgje opp, og å betre barnet sine føresetnader for læring.