Film: Tidleg innsats

De skal no sjå eit utdrag frå ein film laga av Statped, som heiter «Tidleg innsats». 

Tidleg innsats er eit grunnleggande prinsipp i opplæringa. Det inneber å setje i verk tiltak tidleg i eit barn sitt liv eller så snart eit behov er avdekt. Tidleg innsats er å legge til rette for god språkutvikling og å førebygge utvikling av språkvanskar. Det handlar om å fange opp og følgje opp, og å betre barnet sine føresetnader for læring.

Medan du ser filmen, legg merke til ulike eksempel på tidleg innsats som blir vist.