Erfaringsutveksling: Kartlegging

I førre økt Kartlegging, fekk de i oppgåve å prøve ut eit kartleggingsverktøy. Del erfaringar frå utprøvinga i små grupper. Vel ordstyrar. Denne tek ansvar for at alle får delt sine refleksjonar i løpet av avsett tid (10 min): 

  • Kva for erfaringar gjorde du deg ved gjennomføring av språkkartlegging? 
  • Gav resultata deg ny informasjon om eleven? 
  • På kva måte kan kartlegging av språklege ferdigheiter vere til hjelp i arbeidet med tidleg innsats?