Leseplanleggjaren: Oppdrag

Bruk Leseplanleggjaren i planlegging av eit tema som går over ein viss periode (f.eks. 2 – 3 veker eller meir). Lista frå sist økt over ulike typar oppgåver vi kan gi elevane for å utvikla kompetanse i faga, kan brukast når vurderinga skal bestemmast.

Neste gong de møtest skal de presentera erfaringar frå gjennomføringa, der følgjande punkt kan vera aktuelle å løfta fram:

  • Vis fram plan for arbeidet oppsummert i Leseplanleggjaren.
  • Vis tekstar de har lese og korleis de støtta elevane i arbeidet med å forstå.
  • Ta gjerne med elevarbeid og diskuter kvaliteten i desse: kva meistrar elevane, kva for råd kan bringa elevane vidare i læringsarbeidet?
  • Løft fram refleksjonar de gjorde rundt tekstval, oppgåver og gjennomføring.
  • Løft fram dilemma.

Fuglestad U., Hoem, T. F. og Håland, A. (2017): God leseplanlegging