Prøv ut i praksis: Det utvida tekstomgrepet
Samarbeid om å planlegge eit undervisningsopplegg med formål om å utvikle elevane sine kunnskapar om samansette tekstar. Det kan handle om både å lese, analysere, tolke og skape samansette tekstar. Vel det som er hensiktsmessig ut frå kor de står i undervisninga. Knytt til mål frå læreplanen.
Gjennomfør opplegget, og observer gjerne kvarandre om det er mogleg. Ta vare på elevarbeid frå utprøvinga, og ta med til neste erfaringsutveksling.
Bruk fagteksten «Å produsere, analysere og vurdere samansette tekstar» som støtte i planleggingsarbeidet.
Erfaringsutveksling:
Avtal tid for når utprøvinga skal vere gjennomført. Spørsmåla under kan vere utgangspunkt for erfaringsutvekslinga:
- Korleis opplevde de elevane sitt møte med teksten?
- Kva kunnskapar viser elevane i arbeidet deira?
- Kva vil de gjere annleis neste gong?