Praksiseksempel: Det utvida tekstomgrepet

I ein 9. klasse skal elevane for fyrste gong arbeide med samansette tekstar som tema. Lærarane viser bilete av Husk bilbelte-skiltet på tavla og tar utgangspunkt i omgrepa motiv (tekst, bilete og medium), tema og bodskap i eit kolonnenotat, som støtte for elevane til å bryte opp, analysere og tolke den samansette teksten.

Image
Foto av "Husk bilbelte"-skilt.
Image
Analyseskjema

 

Diskuter i små grupper:

  • Kva for fagkunnskapar treng elevane for å analysere og forstå komplekse, samansette tekstar?

Les og bruk fagteksten «Å produsere, analysere og vurdere samansette tekstar» som støtte i diskusjonen. Teksten gir døme på kva for spørsmål ein kan stille for å undersøke og produsere samansette tekstar. Studer gjerne andre samansette tekstar de har tilgjengeleg medan de diskuterer, som læreboka eller nettressursar.