Å gje gode lesebestillingar: Oppgåve til neste gong

I gruppearbeidet delte de erfaringane dykkar med lesebestillingar som hadde hjelpt elevane å lese meir målretta. Prøv ut minst to nye strategiar, gjerne på andre typar tekstar og med anna føremål enn dei har vore brukte tidlegare.

Til neste samling skal du presentere korleis det gjekk ved å svare på desse spørsmåla:

  • Kva tekstar brukte du strategiane på?
  • Korleis vil du vurdere elevane sitt læringsutbytte?
  • Kva andre tekstar og føremål ser du at du kan nytte desse strategiane til?