Tekstarbeid som fremjar leseflyt: Diskusjon (2)

Gå saman i små grupper, gjerne trinnvis, og samtal om sjåaroppdraget.

Sjåaroppdrag: Legg merke til korleis ein praktisk kan arbeide med ein tekst for å fremje leseflyt. Kva kjenner du igjen frå eigen praksis? Er det noko i filmen du kan supplere di eiga undervisning med?

  1. Finn fram teksten de jobba med i oppdraget frå økt 1. Presenter etter tur teksten for dei andre i gruppa, og vis kva som kan gi utfordringar i høve til leseflyt.
  2. Bli einige om ein av tekstane de vil arbeide med vidare. Drøft ulike måtar å arbeide med denne teksten på i undervisninga som fremjar leseflyt (utan at dette er hovudformålet med tekstarbeidet).