Fagtekst: "Kvifor lese ulike tekstar om same tema?"

Ved lesing av ulike kjelder om same tema, multiple tekstar, vil ein kunne utvikle ei djupare forståing. Dette skjer ved at tekstane kan representere ulike perspektiv som eleven må vurdere og evaluere. Den følgjande fagteksten, skriven av Wenke Mork Rogne, førsteamanuensis ved HVO, ser nærare på korleis kjeldemedvit, samanstilling og kontekstualisering er viktige ferdigheiter for å utvikle elevane si kritiske tenking.

Les artikkelen Kvifor lese ulike tekstar om same tema? (vedlagt under Ressurser)

Etter lesing kan artikkelen drøftast med utgangspunkt i desse spørsmåla:

  • Korleis kan arbeid med multiple tekstar føre til utvikling av djupneforståing og kritisk tenking?
  • På kva måte kan ein leggje til rette for at elevane skal arbeide med ulike kjelder om same tema i dei ulike faga?
  • Kva erfaringar har de med slikt arbeid i eiga undervisning?