Vegen vidare: Samtalen som læringsarena

Teksten som norskfagleg problem:  

Denne ressursen har handla om elevmedverknad i norskfaget. Gjennom arbeid med dei ulike øktene har det vore eit mål å  gje rom for å erfare kor engasjerande det kan vere å diskutere tekstar som gjer litt motstand, og at denne erfaringa gjeld både lærarar og elevar. Vi har arbeidd med gruppesamtalar og heilklassesamtalar om tekstar med blikk for at desse formata byr på ulike rom for eleven sin stemme og ulike utfordringar for læraren.  

Diskuter i plenum:  

For vidare arbeid med elevmedverknad gjennom tekstarbeid i norskfaget:  

  • Kva områder ønsker de å arbeide vidare med? 
  • Korleis vil de arbeide vidare med dette?