Diskusjon: Å arbeide med kreativ skriving

Diskuter i små grupper, og oppsummer i plenum: 

  1. Korleis kan de bruke kreative skriveoppgåver i nynorskundervisninga?

  2. Kva kan vere fordelane med å bruke undervegsvurdering og selektiv respons i samband med kreativ skriving på nynorsk?

  3. I filmen vert omgrepet tolerant tekstrom knytt til å ha ein klasseromskultur der ein snakkar om språk og tekst på ein positiv og tolerant måte. Korleis kan de jobbe for å skape positive haldningar til språk og tekst i klasserommet dykkar?

 

Tips: Sjå på økta om "Å snakke saman om språk" i  pakken Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk