Plakat med tekst

Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk.

I pakken Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk vil de få innsikt i kva opplæring på sidemålet inneber og de vil få konkrete tips til korleis de kan arbeide med nynorsk som sidemål på mellomsteget.

Vi startar med ei bevisstgjering kring språk og språkarbeid i den første økta, for deretter å bli kjend med den nynorske barnelitteraturen. Så går vi vidare til korleis ein kan bruke skjønnlitteratur som modelltekst når elevane skal eksperimentere med skriving på nynorsk. I den siste økta går vi nærare inn på ulike skriveoppgåver og korleis ein kan rettleie elevane i skriveprosessen.

Forskingsprosjektet «Tidleg start med nynorsk som sidemål», av Benthe K. Jansson og Hilde Traavik, og liknande prosjekt Nynorsksenteret driv, har gitt kunnskap om nynorskopplæring på mellomsteget.

Gjennom å arbeide med øktene vil de få ny kunnskap om korleis ein kan gje elevane opplæring i nynorsk også i barneskulen. For Kunnskapsløftet er tydeleg på at ein skal undervise i sidemål tidleg. Elevane skal bli lesne for på sidemålet dei to første skuleåra, for deretter å lese sjølve på sidemålet på 3. og 4.trinn. På 5.- 7. trinn skal elevane eksperimentere med skriving på sidemålet.

Dei fem øktene består av:

  1. Å snakke saman om språk
  2. Erfaringsdeling
  3. Litteraturen som språkleg døropnar
  4. Å eksperimentere med skriving på nynorsk
  5. Meir skriving

Overordna mål:

  • Synleggjere at det er viktig å starte med nynorskundervisning på barnetrinnet
  • Auke kompetansen om god nynorskopplæring på mellomsteget
  • Skape ei forståing av nytteverdien av å kunne lese og skrive på sidemålet

Sentrale spørsmål

  • Kvifor nynorsk på mellomsteget?
  • Korleis introdusere nynorsk for bokmålselevar på mellomsteget?
  • Korleis leggje til rette for gode samtalar om språk og dialekter i klasserommet?
  • Korleis formidle positive haldningar til bokmål, nynorsk og ulike dialekter?
  • Korleis rettleie den utprøvande skrivinga på ei ny målform?
  • Korleis finne bøker som passar for denne elevgruppa?
  • Kva er kontrastiv undervisning?
  • Kvifor skrive på sidemålet?

Fagansvarlege for pakken er Anne Marta Vinsrygg Vadstein og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng ved Nynorsksenteret.

Å snakke saman om språk

Å utforske likskapar og skilnader mellom språk og dialekter aukar den språklege bevisstheita. Når vi snakkar saman om språk i klasserommet tek vi utgangspunkt i elevane sine tidlege språkerfaringar. I denne økta brukar vi ein teikneserie som grunnlag for språksamtalane.

50 min

Erfaringsdeling

I denne økta skal vi bruke plakaten "Snakk saman om språk!" i arbeidet med å etablere ein kultur for språksamtalar i klasserommet. I tillegg skal vi sjå nærare på tre tekstutdrag, og førebu desse til bruk i klasserommet.

50 min

Litteraturen som språkleg døropnar

For å lære eit språk må ein bli eksponert for språket, gjennom mykje og variert språkleg innputt. Det er viktig å bli kjend med nynorske tekstar før ein kan starte å skrive sjølve. Språket ein møter i litteraturen styrkjer elevane si eiga skriving og lesing. I litteraturen møter elevane ord og setningar som dei ikkje møter i det munnlege språket.

61 min

Prøve ut skriving på nynorsk

I denne økta vil vi bruke litteratur og andre modelltekstar som utgangspunkt for å eksperimentere med skriving på nynorsk. Vi vil også sjå nærare på læraren si rolle som rettleiear i skriveprosessen.

56 min

Meir skriving

Korleis arbeider du med nynorskopplæring no, i høve til tidlegare? I denne økta er det tid og rom for å vurdere eigen praksis, og vi jobbar vidare med korleis ein kan rettleie elevane i den utprøvande skrivinga. Vi skal sjå nærare på norke nynorske nettressursar til bruk i undervisninga.

60 min