Målet med kompetanseutviklingspakka Nynorsk som sidemål er å bidra til at skolen får ei sidemålsopplæring som tar i bruk varierte metodar, og som kan engasjere elevar med ulike føresetnader og motivasjon. I tillegg ha fokus på grunnleggande ferdigheiter i lesing og skriving utifrå eit nynorskperspektiv, og få til eit meir forpliktande samarbeid rundt sidemålsopplæringa på skolen.

Nynorsk som sidemål
Elevar har ulike føresetnader og ulikt engasjement for nynorsk sidemål. Gjennom å bruke varierte undervisningsmetodar og ulike innfallsvinklar kan ein få til ei god sidemålsopplæring og ei forståing for språkleg mangfald.
- Korleis kan vi få til ei god sidemålsopplæringa på skolen hos oss?
- Korleis kan vi få til variasjon i metodane vi bruker?
- Korleis kan vi arbeide med skriving og lesing på nynorsk?
- Korleis kan språkleg mangfald vere ein ressurs?
Pakka er laga av: Reidun Kydland og Marit Brekke ved Nynorsksenteret.