Kva er lesing? Oppgåve til neste gong

Kva gjer elevane dine når dei les i fag? 

Ved å reflektere over egen og andres læring kan elever litt etter litt utvikle bevissthet om egne læringsprosesser (LK20). Ein sentral del av å lære å lære er å bli bevisst korleis ein arbeider med lesing og tekstar.  

Planlegg ein time der du sett av tid til å samtale med elevane om å lese tekst i faget: 

  1. Gi elevane ein tekst dei skal lese individuelt. 
  2. Sett elevane i små grupper og be dei fortelje kvarandre kva dei gjorde for å forstå teksten.  
  3. Oppsummer i plenum. Du kan også gjerne bruke situasjonen til å dele kunnskapar om kva som kjenneteiknar gode lesarar. 

Vidare lesing:

Skaftun, A. (2015). Leseopplæring og fagenes literacy. I Nordic Journal of Literacy Research, Vol 1.