Nynorsk rettskriving: Oppdrag

I denne filmen viste vi fleire tips til korleis ein kan rettleie elevane i nynorsk rettskriving:

  1. Lære å bruke ordboka
  2. Lage liste over ord ein ofte skriv feil
  3. Jobbe med eitt tema om gongen
  4. Undervegsvurdering før endeleg innlevering
  5. Rette med fargekodar

Vel eit eller to tips som du tenker kan vere relevant å arbeide med i dine fag. Prøv så ut eit eller to av tipsa.

Samtal i gruppa om korleis de kan arbeide systematisk med språkleg rettleiing på tvers av fag.