Nynorsk rettskriving: Refleksjonssamtale
I denne filmen har de sett fem feiltypekategoriar, som er vanlege i nynorske elevtekstar.
Desse er:
- Bokmålssamanfall i ord
- Verbbøying: Svak bøying på sterke verb
- Verbbøying:
 a) e-ending på a-verb
 b) a-ending på e-verb
- Substantivbøying
 a) Hokjønn for hankjønn
 b) Ending i inkjekjønn ubunden form fleirtal
- Dialektsamanfall
Er de samde i at dette er typiske feiltypekategoriar hos elevane ved dykkar skule, eller har de andre erfaringar?
Jobb først 2 minutt individuelt med spørsmåla. Noter ned stikkord.
Samtal i 8 minutt om refleksjonane de gjorde kvar for dykk.
 
 
 
 
 
