Det nynorske tekstmangfaldet: Tekstlesing

Les teksten Det nynorske tekstmangfaldet (under Nedlastinger lenger ned på sida)

Føremålet med denne teksten er å forklare kvifor det er så viktig å eksponere elevane for nynorsk skriftspråk for at dei skal kunne bli trygge nynorskbrukarar, og vise til nettstader der ein kan finne nynorske tekstar for ungdom.

Medan du les, noterer du:

Kva ansvar ligg på skuleeigar og lærar for å oppfylle dei språklege rettane som elevar med nynorsk som hovudmål har ifølgje opplæringslova og læreplanen?

Teksten viser til ei rekkje nettsider med nynorske tekstar ein kan bruke i undervisninga. Kva for nokre av desse nettstadane er aktuelle for deg og dine fag?