Aktivering av forkunnskap: Kva er språkvanskar?

Spesifikke språkvanskar er ein tilstand der barn med elles vanleg utvikling ikkje tileignar seg språk som forventa. Omlag sju prosent av alle femåringar har slike vanskar (Tomblin et al 1997; Leonard, 2014).  Det vil seie at barn med språkvanskar er å finne i dei aller fleste skuleklasser. Barn med språkvanskar strevar med å forstå eller uttrykkje seg på morsmålet sitt.

Individuelt arbeid: 2 min

Bruk vedlagte VØL-skjema, og fyll inn i «Veit-kolonnen» og «Ønskjer-kolonnen».

  • Kva veit du om språkvanskar? Har du til dømes:
    • Hatt elevar med språkvanskar?
    • I tilfelle, korleis kom språkvanskane til uttrykk?
    • Kven samarbeidde du med?
  • Kva ønskjer du å vite meir om innanfor dette feltet?
     

Samtal i grupper: 15 min.

Rekkeframlegg, alle deler sine refleksjonar frå spørsmåla.

Vel ordstyrar. Denne tek ansvar for at alle får delt sine refleksjonar i løpet av avsett tid.