Aktivering av forkunnskap: Kva er språkvanskar?

Refleksjonsspørsmål til aktivering av forkunnskap

Individuelt arbeid: 2 min

Bruk vedlagte VØL-skjema, og fyll inn i «Veit-kolonnen» og «Ønskjer-kolonnen».

  • Kva veit du om språkvanskar? Har du til dømes:
    • Hatt elevar med språkvanskar?
    • I tilfelle, korleis kom språkvanskane til uttrykk?
    • Kven samarbeidde du med?
  • Kva ønskjer du å vite meir om innanfor dette feltet?
     

Grupperefleksjon: 15 min.

Rekkeframlegg, alle deler sine refleksjonar frå spørsmåla.

Vel ordstyrar. Denne tek ansvar for at alle får delt sine refleksjonar i løpet av avsett tid.