Lesing av skjønnlitteratur: Prøv ut i praksis

Vel ei skjønnlitterær tekst frå norskboka det bruker. Det kan vere eit dikt, eller ei novelle. Det bør vere ei heil tekst og ikkje berre eit utdrag frå ein lengre roman. Vel ein tekst der det finst noko å lure på, som inviterer til å danne hypotesar og som utfordrar til å oppdage ein meir overordna tematikk – altså lese med fordobling.

Les teksta saman med elevane dine og prøv ut todelt logg eller leselogg på same måte som vist i filmen.

Bruk vedlagt observasjonsskjema (pdf) og noter ned det du legg merke til medan elevane arbeider med teksten.