Plakat for "Snakk saman om språk"

Nynorsk som sidemål

Elevar har ulike føresetnader og ulikt engasjement for nynorsk sidemål. Gjennom å bruke varierte undervisningsmetodar og ulike innfallsvinklar kan ein få til ei god sidemålsopplæring og ei forståing for språkleg mangfald.

Målet med kompetanseutviklingspakka Nynorsk som sidemål er å bidra til at skolen får ei sidemålsopplæring som tar i bruk varierte metodar, og som kan engasjere elevar med ulike føresetnader og motivasjon. I tillegg ha fokus på grunnleggande ferdigheiter i lesing og skriving utifrå eit nynorskperspektiv, og få til eit meir forpliktande samarbeid rundt sidemålsopplæringa på skolen.

  • Korleis kan vi få til ei god sidemålsopplæringa på skolen hos oss?
  • Korleis kan vi få til variasjon i metodane vi bruker?
  • Korleis kan vi arbeide med skriving og lesing på nynorsk?
  • Korleis kan språkleg mangfald vere ein ressurs?

 

Pakka er laga av: Reidun Kydland og Marit Brekke ved Nynorsksenteret.

Å ha fokus på metodikk

Økta opnar for å snakke saman om korleis ein arbeider med nynorsk sidemål på skolen. Den handlar om noko av det lærarar og elevar kan oppleve som utfordrande med nynorskopplæring, og korleis ein kan møte desse utfordringane.

60 min

Nynorsk som aktivt bruksspråk

I denne økta blir det presentert ein metodikk kalt språkdusj, og det blir gitt konkrete tips til korleis ein kan bruke nynorsk på mange måtar i klasserommet.

60 min

Å arbeide med kreativ skriving

Denne økta handlar om å prøve ut kreativ skriving i klasserommet, og om å hente fram bakgrunnskunnskap gjennom sjølv å skrive om eit avgrensa tema.

60 min

Å arbeid med nynorsk litteratur som utgangspunkt for skriving

I denne økta får du tips til aktuell litteratur til bruk i ungdomsskolen, og eit forslag til korleis ein kan bruke ein litterær tekst som utgangspunkt for å skrive ved hjelp av ei skriveramme.

60 min

Oppsummering og vegen vidare

Det er tid for oppsummering av det arbeidet som har vore gjort til nå, og refleksjon over korleis de skal arbeide med nynorsk som sidemål framover.

30 min