Prøv ut i praksis: Å arbeide med nynorsk litteratur som utgangspunkt for skriving

Prøv ut i praksis

Nokre elevar synest det kan vere vanskeleg å komme i gang med skriving av ein kreativ tekst, og mange hevdar dei ikkje har fantasi. Ein måte å få elevane i gang med skriving er å la dei jobbe med ei skriveramme for å førebu seg til sjølve tekstskrivinga. 

Prøv ut skriving med utgangspunkt i utdraget frå Inn i elden (2012) og skriveramma, eller bruk ein annan tekst, tilpass skriveramma og lag eigne kreative skriveppgåver til teksten.

Finn meir inspirasjon om korleis arbeide med skjønlitteratur som utgangspunkt for skriving på Nynorsksenteret sine nettsider: https://nynorsksenteret.no/ungdomsskule/skjonnlitteratur

Undersøk fleire teoretiske perspektiv på å arbeide med skjønnlitteratur, les fagteksten "Å vere i boka" frå Lesesenteret. 

 

Erfaringsdeling:

Avtal tidspunkt for når de skal ha prøvd ut skriving med utgangspunkt i skjønnlitteratur og skriverammer. Del erfaringar:

  • Korleis fungerte det å la elevane arbeide med kreativ tekstskaping utifrå ein litterær tekst og ei skriveramme?

  • Kva elevar fungerte det best for, og kva elevar hadde mindre nytte av å bruke skriveramme?

  • Korleis kan de bruke skriverammer neste gong?

Ressurser:
Tips til vidare lesing:

Garthus, Karen Marie Kvåle og Anne-Marie Schulze (2016): #nynorsk. Fagbokforlaget