Samtaleleiing - å innta ein dialogisk posisjon: Fagtekst

Individuelt: Les fagteksten “Å finne og utvikle ein dialogisk lærarposisjon” av Atle Skaftun.  

I par eller gruppe: Diskuter dette utdraget frå fagteksten: “Meir overordna kan det vere nyttig også å sjå heilklassesamtalen som ei anledning for læraren til å høyre kva elevane har forstått (eller misforstått), og ikkje minst korleis dei forstår. På den måten plasserer læraren seg mellom elevane si forståing og ei djupare forståing på vilkåra til faget, “den faglege fortellinga”, kan vi kanskje kalle ho.[...] Det å jobbe med å utvikle elevane si forståing på denne måten, er eit eksempel på synleg djupnelæring.”