Å eksperimentere med skriving på nynorsk: Oppgåve

I denne oppgåva skal du som lærar jobbe med rettleiing når elevane skal prøve ut skriving på nynorsk.

Tenk gjennom korleis du rettleiar elevane, -gje ros når elevane prøver seg på nynorske ord. Dette er forslag til skriveoppgåver de kan bruke, der elevane går frå avskrift til eiga skriving. Elevane kan gjerne jobbe saman, då felles tekstskaping er ein god måte å arbeide på. Gjennomfør to arbeidsøkter med skriving før neste Språkløyper-økt. Noter erfaringar og funn undervegs, og ta med til neste refleksjonsrunde.

  1. Tekst i bobler (Eigen oppgåvetekst)
  2. Eit eventyrleg eventyr (Eigen oppgåvetekst)