Førstehandserfaring med eit fagleg problem: Øktelement 5 Oppgåve til neste gong

Oppgåve til neste gong:  

1) Alle finn ein tekst dei tenker kan vere eit godt norskfagleg problem for elevane på det trinnet dei underviser mest på.   

2) Fram til neste samling: Bli enige om eit møtepunkt kvar veke på 10 til 15 minuttar der de (lærarar) les og diskuterer desse tekstane (ein tekst pr. møte). Den som tek med tekst tek med kopi til dei andre og inviterer til samtale og leiar samtalen. Lag ei liste over dei tekstane de har føreslått.