gutter jenter dørskilt

Gutar, jenter og lesing

Kva kan årsakene vere til eventuelle skilnader i lesekompetanse og lesemotivasjon mellom kjønna? Kva kan skulen gjere for å støtte gutar og jenter sin motivasjon for å lese? I denne pakken vil desse spørsmåla og fleire andre om kjønn og lesing løftast fram til bevisstgjering og refleksjon.

Lesesenteret har valt å behandle temaet «gutar og lesing» på ein annan måte enn dei andre fokustema som er gitt i mandatet til Språkløyper. Med tanke på bevisstgjering og debatt i personalet, presenterer vi her tre tekstar med lesing og kjønn som tema. Skolane må sjølv organisere og leggje rammer for denne debatten.

Tema som lese- og skrivevanskar, språkvanskar, minoritetsspråklege og elevar med stort læringspotensial får eigne pakkar som skal brukast steg for steg i felles kompetanseutvikling i personalet med utprøving og endring av praksis som mål. Denne handsaminga eignar seg ikkje like godt for tema «gutar», eller som vi vel å tolke det, gutar, jenter og lesing. All god lese- og skriveopplæring slik ho blir presentert i kompetanseutviklingspakkane er god for både gutar og jenter. Ulike tilnærmingsmåtar når det gjeld dei to kjønna kan vi ikkje leggje fram. Likevel er det på sin plass med ei bevisstgjering omkring korleis vi tenkjer om dei to kjønna når det gjeld lesing.

Sentrale spørsmål:

  • Kva er det typiske synet på jenter som lesarar og gutar som lesarar?

  • Kva kan årsakene vere til eventuelle skilnader i lesekompetanse og lesemotivasjon mellom kjønna?

  • Kva kan skulen gjere for å støtte gutar og jenter sin motivasjon for å lese?

Pakken er laga av Brita Strand Rangnes og Ingrid Nielsen, frå Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora ved Universitetet i Stavanger, og Trine Mathiesen Gilje, Lesesenteret.