Vegen vidare: Nynorsk som sidemål

Studer Språkplakaten igjen. Vurder kva som er blitt del av skolen sin praksis, og plukk ut eit eller fleire av tiltaka i språkplakaten som de vil satse vidare på.

Diskuter i små grupper, og oppsummer i plenum:

  • Korleis vil de arbeide vidare med nynorsk sidemål på skolen hos dykk?

  • Korleis kan skolen få ein overordna plan for sidemålsopplæringa?

Bruk gjerne IGP: Fyrst individuelt 2 min der ein skriv ned stikkord, deretter gruppediskusjon der alle deler stikkorda sine, til slutt plenum (alt etter kor mange de er). 

Image
Plakat til "Snakk saman om språk"