Førebuing til gjennomføring av kartleggingsprøva i lesing på 3. trinn

Forarbeid:

Kartleggingsprøva i lesing er eit ekstra verktøy for å finne fram til elevar som strevar med lesing. Som lærar kjenner du elevane dine godt, og vil i dei fleste høva vite kva for nokre elevar som strevar. Bruk likevel prøva som eit verktøy, og noter på førehand kven du trur du vil vere under oppfølgingsgrensa på prøva. Etter prøva held du di vurdering opp mot prøveresultatet. Vurderinga di er viktig, så pass på å følgje opp både dei elevane du og prøva identifiserer. Hugs at kartleggingsprøva i lesing berre identifiserer dei 20% lågast presterande, og at di vurdering er viktig for å fange opp dei elevane som presterer ned mot denne grensa. Den samla vurderinga er difor viktig for at desse elevane skal få god oppfølging.