Refleksjon over egen praksis - "pedagogisk loppemarked"

Oppdraget frå forrige samling var å planlegge og prøve ut minst to ulike måtar å aktivere eller bygge forkunnskap hos elevane.  Ta med deg dei erfaringane du gjorde frå denne utprøvinga og samtidig alt du tidlegare har brukt til å aktivere eller bygge forkunnskapar, heile metodearkivet ditt; både gamalt og nytt, det du har lykkast med og noko du kanskje ikkje tykte fungerte så bra. I erfaringsdelinga denne gongen skal vi bruke ein metode vi kallar for «pedagogiske loppemarked».

Pedagogisk loppemarked:

«Loppemarkedet» har fire kategoriar; «spesialavfall», «skryteliste», «idehjørne», «det gløymte bakrommet». Prøv å ha med minst tre «ting» til kvar av kategoriane.  På marknaden skal de dele metodane og diskutere erfaringar de har gjort.

Organisering:

  • Gruppe på 3-4

Utstyr:                 

  •  Post-it lappar (gjerne ei farge per gruppe)
  •  Ein loppemarknad (A3 ark) per gruppe.
  •  Ein stor loppemarknad (plakat) til oppsummering i plenum.
Image
Eksempel på plakat

Over: Eksempel på plakat

IGP

Oppgåve:  

  • Kva ulike måtar har du brukt for å aktivere eller bygge forkunnskapar hjå elevane på?

Individuelt:

Kvar deltakar noterer sine metodar/lopper på post-it lappar og limer dei på pulten framfor seg. 
NB! Ei loppe per lapp! (5 min.)

Gruppa:

Ein og ein presenterer loppene sine.
Gruppa diskuterer kvar i loppemarknaden dei skal legge ho. Når alle har presentert sine lopper kan ein fylle på metodar ein har kome på undervegs. (20 min)

Plenum:

Felles oppsummering.
Heng opp plakaten pedagogiske loppemarknad. Ei og ei gruppe presentere sine forslag. (20 min)

 

Alternativ: La ei gruppe presentere spesialavfallet, ei skrytelista, ei idehjørna og ei det gløymde bakrommet. Ta bilete av marknaden og legg det på felles plattform.