Å utvikle lesarar med god tekstkompetanse: Oppgåve til neste gong

Planlegg og gjennomfør eit undervisningsopplegg med fokus på å utvikle tekstkompetansen til elevane, f.eks. gjennom oppgåver som handlar om å lese tekst og illustrasjon i samanheng, eller oppgåver som handlar spesielt om å reflektere over tekstens form og innhald.

Bruk plakaten «Oppgåver som kan støtte utvikling av tekstkompetanse» (under "Nedlastinger") som støtte/inspirasjon når de planlegg undervisninga.

Å stille spørsmål til tekst for å få elevane til å lese tekstar med kritisk blikk vert også omtala i filmen Hva vil det si å lese kritisk?

Avtal når de skal møtast igjen for å dele og reflektere over erfaringar frå utprøvinga. Ta med tekst og oppgåver de brukte, og gjerne eleveksempel, til erfaringsdelinga.

Vidare arbeid med tekstkompetanse i Språkløyper:

Det er fleire andre pakkar og økter som ser på omgrep og praksis i tilknytning til tekstkompetanse, mellom anna:

Pakka Lesing av ulike kjelder om same tema tek mellom anna opp korleis arbeida med kritisk lesing, og sentrale omgrep som kjeldemedvit, kontekstualisering og samanstilling av informasjon.
Nasjonale prøver i lesing. Økta "Leseutfordringer: å lese kritisk" i denne pakken går inn på spørsmålet "Hva vil det si å lese kritisk?"
Meir om samansette tekstar og omgrep som modalitet og affordans finn ein i økta .