Å samanlikne nynorsk og bokmål: Refleksjonssamtale

Når elevane les tekstar på både bokmål og nynorsk om same tema i dine fag, har du som lærar ein unik sjanse til å vise dei likskapar og ulikskapar mellom fagomgrep og skrivemåte på bokmål og nynorsk.
I filmen kjem det fram at denne samanlikninga kan gje elevane:

  1. Auka ordforråd
  2. Djupare forståing av innhaldet i fagomgrep
  3. Større tryggleik på eiga målform
  4. Høve til å hugse fagstoff betre ved omskriving frå bokmål til nynorsk

Er de samde i ein eller fleire av desse påstandane, eller har de andre erfaringar?

Jobb først 3 minutt individuelt med spørsmåla. Noter ned stikkord.

Samtal i 10 minutt om refleksjonane de gjorde kvar for dykk.