Å samanlikne nynorsk og bokmål: Oppdrag

Finn ein fagtekst på bokmål med same tema som de arbeider med i eitt av dine fag.

La elevane lese teksten saman to og to i ein undervisningstime. Be dei leite etter:

  • Ord og fagomgrep som er ulike på nynorsk og bokmål.
  • Formuleringar som ville vore annleis om teksten var på nynorsk.

Elevane kan bruke vedlagde skjema (under Ressurser) for å samanlikne ord og fagomgrep på nynorsk og bokmål.

La elevane jobbe to og to med å  skrive eit samandrag av teksten på nynorsk. Diskuter kva dei legg vekt på, både når det gjeld val av fagomgrep og formulering av setningar.